Aktivitetar

Guida tur: Guida tur i Ålesund sentrum tirsdag 24. oktober klokka 17:00-18:00 er inkludert i konferansepakken.  

Aksla: Nyt den flotte utsikta frå byfjellet i Ålesund, Aksla. Benytt også gjerne dei mange flotte turstiane og friluftsområda som er tilrettelagt i området. Dei 418 trappetrinna frå Byparken er ein ypperlig stad å starte.

Foto: © Samuel Taipale / Visitnorway.com


Atlanterhavsparken: Atlanterhavet er eit spektakulært utstillingsvindauge for Norskekysten og Atlanterhavet. Gjennom deltaking, undring og interaktive aktivitetar kjem du tett på livet i havet. Sidan 1998 har Atlanterhavsparken Det Norske Akvariet vore eit av Nord-Europas største og mest unike akvarie. I 2021 etablerte dei i tillegg Norges første vitensenter med marin profil.

Som gjest hos Atlanterhavsparken er du med på ei reise gjennom Norge som havnasjon. I dei anerkjente akvaria kan du sjå kordan fisk, krepsdyr, algar og korallar lev i havet. Vatnet i akvaria pumpast opp frå Breisundet og er heilt ufiltrert. Det inneheld difor store mengder levande organismar som tilfører nytt liv og næring til økosystema kontinuerlig. Det samme gjeld for vatnet i uteområda for sel, pingvin og oter.

Foto: Atlanterhavsparken

Bybadet: Bybadet er lokalisert sentralt i Ålesund sentrum, like ved Byparken. Berre 5 minutt gangavstand frå hotellet. https://bybadet.no 

For fleire aktivitetar:  http://www.visitalesund.com