Foredragshaldarar


Fredrik Myhre

Fredrik Myhre er ein dedikert marinbiolog som jobbar kvar dag for å verne og ta vare på naturen langs kysten og i havet. Som leiar for havteamet i WWF Verdas naturfond jobbar han for å fremme berekraftig havforvalting over heile verda. Han er også grunnleggar av organisasjonen «Hjelp Havets Haier» (HHH), ein organisasjon som jobbar for å verne og ta vare på haiane i havet. Myhre er lidenskapeleg forkjempar for helsa i havet – og som han seier det: vår eiga overleving.


Norwegian Seaweed Association

Heidi Meland har bakgrunn frå landbruk, lakseoppdrett og lokalsamfunnsutvikling, og er dagleg leiar for nettverket NSA og klyngeleiar i Norwegian Seaweed Cluster.

Norwegian Seaweed Assocition (NSA) vart etablert i mars 2021 ved å slå saman to norske taredyrkarnettverk. NSA jobbar for å utveksle kunnskap og erfaring frå tareoppdrett og produksjon slik at det blir ei levedyktig næring i Noreg. Dei fremmar felles interesser ovanfor offentlege myndigheiter og utviklar eit felles merke for mikroalgar til mat: «Seagreens of Norway». Makroalgar resirkulerer nitrogen, fosfor og CO2 frå havet, gir leveområde for andre organismar og er ei kjelde til vegetativ mat og fôr. NSA ønsker å synleggjere dette bidraget til våre økosystem.

Oscar Puschmann 

Oscar Puschmann er landskapsgeograf, fotograf og seniorrådgivar i Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Han har gjort dokumentasjon av landskapsendringar til eit livsverk. Sidan tidleg 2000-tallet har han refotografert over 6000 historiske landskapsfoto. På denne måten bidrar Puschmann til kunnskap om konsekvensane av bl.a. gjengroing, nedbygging og modernisering.

Guri Hjallen Eriksen  

Guri Hjallen Eriksen er forskar i Salt Lofoten (SALT) og postdoktor ved Nordisk institutt for sjørett ved Universitetet i Oslo. Med mastergrad i rettsvitskap og fiskerifag forskar Guri på tverrfaglege problemstillingar om korleis vi regulerer bruk og vern av marine naturressursar. Guri har også praktisk erfaring med forvalting og planlegging av kyst- og sjøareala frå jobb i Nærings- og fiskeridepartementet og som advokatfullmektig i firma som jobbar med fiskeri- og havbruksrett.

Alf M. Sollund  

Alf M. Sollund er prosjektleiar og produkteigar for https://www.barentswatch.no/fiskehelse/ . Han har hatt stillinga som seniorrådgjevar ved BarentsWatch sidan 2014. Før dette har han ei omfattande erfaring innan prosjektleiing, forretningsutvikling og forskning hos Telenor. BarentsWatch samlar, utviklar og deler informasjon om norske kyst- og havområder, og er underlagt Kystverket.

Kristina Sigurdsdóttir Hansen   

Var medlem av Nordkapp kommunestyre frå 2003 til 2019 og ordførar frå 2007 til 2019. Fylkesråd for samferdsel i Troms og Finnmark fylkeskommune frå 2019 til 2021, då ho vart utnemnd til statssekretær for fiskeriministeren i Nærings- og fiskeridepartementet.

Ho vaks opp i ein fiskerfamilie i Runavík på Færøyane og er utdanna adjunkt fra Føroya Læraraskúli i Tórshavn. I 1988, då ho var 25 år gamal, flytta ho til Honningsvåg i Finnmark, der ho vart lærar og tillitsvalgt. Arbeida som personalkonsulent i Kystverket før ho vart ordførar i 2007.

Svein Kornerud   

Svein Kornerud er fagdirektør og jurist og arbeider med planjuss på planseksjonen ved Statsforvaltaren i Vestland. Han har 45 års erfaring som advokat og byråkrat med planrelatert juss. Utgjeve artikkel i Kart og plan nr. 1/2020 s. 41-59: Miljøkrav for akvakultur i kommunale arealplaner.

Tor Øyvind Skeiseid   

Tor Øyvind Skeiseid er dagleg leiar i Ryfylke livsgnist og har erfaring som profesjonell konferansier frå mange lokale, nasjonale og internasjonale forsamlingar. Han har tidlegare jobba som programleiar i NRK Rogaland. I 2003 braut han opp frå bylivet i Stavanger, ein trygg jobb i NRK, med mål om å skapa levebrød på barndomsøya Finnøy. Ryfylkingen Tor Øyvind er kjent for å opptre med respekt, snert og humor, og stiller alltid godt førebudd om temaet for konferansane han deltek på.

Kristin Nordli   

Naturforvaltar frå NMBU på Ås med etterutdanning innan arealforvaltning og plan- og miljølovgjeving. Hovedoppgava er rettleiing om arealplanlegging generelt og avgjersle i klagesaker. Ho har dei siste åra arbeida spesielt med sjøområda.

Ingrid Wang Larsen  

Ingrid Wang Larsen vart uteksaminert fra Juridisk fakultet i Oslo i 2007. Ingrid har sidan 2021 hatt ei deltidsstilling i Holth & Winge AS, og hjelpt til med både kurs- og utgreiingsoppdrag.  På vegne av ei rekke miljøorganisasjonar har Holth & Winge AS våren 2023 skrive ei utgreiing om Naturavtalen si betydning for norsk rett. 

Ingrid er i tillegg ansatt som universitetslektor ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, Institutt for eiendom og juss, der ho underviser i blant anna miljørett og plan- og bygningsrett.  Ingrid har tidlegare jobba i Nærings- og fiskeridepartementet og i advokatfirmaet Thommessen. Ho har skrive og bidradd i lærebøker, lovkommentarar og artiklar innan emner som miljørett, vassdragsrett og plan- og bygningsrett. 

Anne Stensland  

Anne Stensland er utdanna PhD i Geokjemi frå Universitetet i Bergen med fagområdet transport av tungmetall og gassar i havet. I 2021 begynte ho på forureiningsgruppa ved miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren i Rogaland. Hausten 2022 bytta ho til planseksjonen på same avdeling. På forureiningsgruppa jobba ho særskilt med akvakultur og tiltak i sjø. Innanfor plan arbeidar ho med å sjå at omsynet til hav, kyst og naturmangfald vert tilstrekkeleg ivareteke.

Marianne Bøe  

Marianne jobbar med rådgjeving i areal- og lokalitetsspørsmål for oppdrettsselskap langs heile kysten. Ho har tidlegare jobba som arealplanleggar for detaljerte og overordna kommuneplaner, og leia Arealseksjonen i Fiskeridirektoratet. Dette har gitt henne god innsikt i problemstillingane knytta til arealbruk i sjø og tilhøyande utgreiingar knytta til planperspektivet og akvakulturlova. Marianne kjenner akvakulturnæringa og deira behov for areal godt, og kan dermed sei mykje om rammene for plan og når det er rett at verkemiddel og system i akvakulturlova blir iverksett.

Keven Vottestad  

49 år, utdanna som Fiskeriøkonom med tilleggsutdanning bachelor frå USA i internasjonal økonomi og ledelse. Har jobba 15 år med forretningsutvikling, nettverksdrift og prosjektledelse, både innanfor villfisknæringa, men også med oppdrett av torsk dei siste 3 åra. Har eit stort nettverk innanfor sjømatnæringa i heile landet.

Henrik Hareide  

Henrik er partner i rådgivingssselskapet BøeHareide, og bistår aktørar i oppdrettsnæringa med myndigheitsdialog og handtering av regulatorisk risiko. Han var medlem av Havbruksutvalet som 28. september i år la fram si utgreiing om ei heilheitleg forvaltning av akvakultur. Henrik har tidlegare leia tilsynet med havbruksnæringa i Fiskeridirektoratet, og hatt leiande stillingar i brønnbåtrederiet Sølvtrans og fiskehelseselskapet STIM. Ved sida av rådgivingsjobben, er han involvert i utviklinga av landbasert oppdrett som medeigar og styremedlem i Bue Salmon.